Sætrevatnet Vel sitt oppdrag er å ivareta og tilgjengeliggjere vatnet for alle.
Sætrevatnet, lokalt også kalla Fantevatnet, er eit vatn som var oppdemt frå myr på 50-talet grunna beitedyr som satt seg fast. Vatnet har no eit rikt fugle-, fiske- og insektsliv, samt stor variasjon i planteartar. Vatnet har stor verneverdi, men er svært sårbart for gjengroing og at dalføret igjen blir myr.
Sætrevatnet ligg i eit etablert og svært populært fritidsområde og er difor ein potensielt sett svært god rekrutteringsarena for born, unge og vaksne til fiske- og friluftsliv. Velforeninga vil jobbe for å ta vare på vatnet og legge betre tilrette for born og unge, på ein måte som óg tek hensyn til hekkande fugl og sårbare biotopar.
Biologar ser verneverdien av vatnet. Les rapporten.
Rådgivende Biologer AS har studert tilstanden på vatnet og dokumentert funna i ein rapport på bestilling frå Sætravatnet vel. Selskapet har bistått ved ulike tilsvarande restaureringstiltak i eksempelvis naturreservatet Rørvikvatnet i Giske kommune og Rimbereidtjørna i Fitjar kommune.
Øvrige rådgjevarar til velforeninga er Statsforvaltaren i MR, Amfibieservice AS og Sykkylven kommune.
Kva er målet?
Målet til grunneigarane og velforeninga er langvarig ivaretagelse av vatnet og auka bruk blant born og unge. Ivaretagelse skjer i form av årleg og fleirårlege restaureringstiltak som klipping av overvekst og mudring der vatnet er i ferd med å gå tilbake til myr. Auka bruk skjer gjennom å gjer vatnet meir attraktivt, som f.eks utbedring av fiskeplassar, fjerne gjengroing, etablere kanobrygge og lage til badeplassen.
Styret i Sætrevatnet Vel er Mathias Haddal Hovet, Per Magne Drotninghaug og Anders Ramstad.
Kva går støtta mi til?
Velforeninga er eit reint dugnadsprosjekt drive fram av grunneigarar og engasjerte hytteeigarar. For å nå måla våre treng vi økonomisk støtte. Du kan støtte oss via Vipps #828534. Støtta vil mellom anna bidra til følgande:
Innkjøp og vedlikehald av klippeutstyr (overvekst)
Utbetring av badeplass
Rydding av fiskeplassar
Etablering av fiske-/kanobrygge
Bidrag til større restaureringsprosjekt (dybde, groe)
Tusen takk for støtta hittil!
Ei stor takk til alle som har støtta velforeninga hittil, både engasjerte grunneigarar, hyttefolk og lokale bedrifter og organisasjonar.
“Nokre av mine beste barndomsminner er frå Fantevatnet. Isfiske og skøyter på vinteren. Fiske med makk og dubb i lag med morfar om sommaren. No bruker vi kano på vatnet og ungane elskar det!”

